Sjå gjerne for deg trappa som eit bilde på den prosessen vi skal gå gjennom saman.

Me startar i botnen av trappa med å finne ut kor vi skal.

For dei aller fleste eg møter er ønsket om ei heilheitlig innredning det som kjem først når eg spør om kor vi skal. Ein innredning som gir noko tilbake til dei som oppheld seg i lokala.

Det er ikkje tvil om at lokaler som støttar opp under arbeidet som skal gjerast og får dei ansette til å trivast stimulerer til meir arbeidsglede, kreativitet og effektivitet.

I resepsjonen, viss du har det, ønsker du gjerne at dei besøkande skal føle seg vel tatt imot.

På kontora skal det rett og slett være tilrettelagt for at dei ansatte får gjort jobben sin. Dette kan høyrast enkelt ut, men det er ofte veldig individuelt både fra bedrift til bedrift og fra person til person.

Nokon må og bør jobbe i grupper, mens andre igjen gjerne bør ha ei dør som kan latast att. Her vil eg påstå det ikkje fins nokon fasit. Arbeidsplassen må fungere for deg og di bedrift og dette går vi nøye inn på når vi går igang.

Når ein bryt opp fra rutineoppgavene kan det være godt å få gå til et «vannhòl» der ein koblar litt ut og fyller litt på. Dette vannhòlet kan være ein kaffebar, ei kantine, eit personalrom eller lignande. Desse møteplassane kan stimulere oss til å tenke litt utanfor boksen, gjere at vi får snudd nokre steinar eller ser ting med andre auge. Kall det gjerne en ladestasjon, for ofte er det akkurat det ein treng før neste økt.

Desse stedane kan også være små uformelle samlingsplassar eller eit område av lokala der ein får informasjon gjennom uformelle møter.

Eg liker at disse stadene bryt litt med det andre interiøret. Det kan være så enkelt som at ein brukar andre farger, ein annan type lys eller skapar ei annleis atmosfære i rommet.

Når læraren kjem på lærerrommet for å ete lunsj er det ofte deilig å kunne sitte litt annerledes, eller å kvile augene på andre fargar eller gardiner enn dei som er i klasserommet der han oppheld seg mesteparten av tiden ellers.

Eit stillerom kan også vere et slikt herlig vannhòl å gå til. Ingen kan være 100% effektive heile tiden. Å få en liten time-out er ofte en super restart for å gå laus på oppgavene igjen.

Akustikken er ein faktor vi må innom. Å jobbe og oppholde seg i akustisk dårlige rom er plagsomt. For nokre vil dette faktisk være første prioritet å få gjort noko med, for romma vil ikkje bli bra uten å ta desse grepa først.

Fargane vi omgir oss med snakkar direkte til oss, men kanskje aller mest til underbevisstheiten. Eg jobbar med fargepsykologi og bruker også element fra Feng-shui. Fargane kan roe oss ned, gi oss inspirasjon eller stimulere oss.

Som du sikkert skjønar: Vi må begynne i botnen av trappa og ta for oss alle desse elementa på vegen til ein heilheitlig innredning som fungerer for dykk.

Nokon gonger kan vi, og får vi, gjere noe med alt, mens andre gonger (og ganske ofte) er det hindringar, fysiske begrensninger eller gjerne økonomiske hensyn å ta på vegen. Dette er helt greit. Vi skal rett og slett gjere det beste ut av det vi har.

For å ta fram igjen bildet av trappa:

Trappa skal bli god å gå i, være solid og gjere jobben sin.