Rom for forandring AS er eigd og drive av interiørarkitekt MNIL Hanne Nygård-Bøe med kontoradresse i Lærdal

Å få hjelpa deg med å lette prosessen fram mot innflytting i nye lokaler – enten i nybygg eller via eit rehabiliteringsprosjekt er min store lidenskap.
Eit overordna mål for meg er å skape gode rom med meining bak.

Med over 25 års erfaring i bransjen får du ein erfaren, engasjert og pålitelig samarbeidspartner fram mot mål, for det er mykje som skal på plass før du endelig kan nyte gode arbeidsdagar i nye lokaler.

Du vil få mange spørsmål frå huseigar, totalentrepenør, tekniske fag eller arkitekt undervegs, og det er her eg kan vere din samarbeidspartner og følgesvenn gjennom prosjektet.

Du skal levere møbleringsplanar slik at dei tekniske faga kan gjere planleggingsjobben sin ut fra dette, du skal velge fargar og materialer og ta standpunkt til ting du kanskje aldri har måtte ta stilling til før.

Interiørdesign er mykje meir enn berre puter, dill og pynt!

Me jobbar med bedrifta sine visjonar, bedriftskultur og dykkar behov for å best mulig tilpasse dette til dei fysiske rammene me har å forholde oss til. Økonomi og innkjøpsrådgivning er ein stor del av arbeidet mitt.

Ergonomi, akustikk, lyssetting og fargebruk er også viktige element i den nye innredningen.

Mitt mål er at dine visjonar, dine idear, dine mål og dine ynskjer for arbeidskvardagen i nye lokaler kan bli oppfylt. Godt planlagt og godt tilrettelagt for akkurat dykkar behov.

Utforming av ein god arbeidsplass og gode omgivelsar er ikkje quick-fix, for den skal vere gjennomtenkt. Saman skaper me arbeidsglede for fornøyde, engasjerte og produktive ansatte!

Rom for forandring teiknar i Archicad
Innlegg
Tekst tekst tekst

Har du nokon gong tenkt tanken: følelsen av å ikkje eiga ein einaste ting?

Du har kanskje sett dokumentaren «Bygd reis deg» på TV», eller garantert sett bilder frå Brann-natta 19.januar i Lærdal. Du var kanskje der: den natta vi aldri vil gløyme. Les meir her…